Hopp til hovudinnhald

Global mobilitet i høgare utdanning

Global mobilitet i høgare utdanning (KA171) gir norske høgare utdanningsinstitusjonar moglegheit til å sende og ta imot studentar og tilsette på utveksling til eller frå tredjeland som ikkje er assosierte med Erasmus+-programmet. Studentar kan reise på studie- og praksisopphald, medan tilsette kan reise på undervisnings- og opplæringsopphald.

Kven kan søke

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Om tilskotet

KA171 gir støtte til norske høgare utdanningsinstitusjonar som ønsker å sende og ta imot studentar og tilsette til eller frå land utanfor dei tradisjonelle Erasmus+-landa (medlemslanda i EU, og dessutan Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia).

Desse landa blir gjerne omtala som «tredjeland som ikkje er assosierte med programmet» eller berre «tredjeland», og kan delta i delar av Erasmus+-programmet under gitte kriterium.

På Europakommisjonens nettsider finn du eit oversyn over tredjelanda som ikkje er assosierte med Erasmus+-programmet.

Legg merke til at du ikkje kan sende ut bachelor- og masterstudentar til tredjeland som kan få utviklingsstøtte.

Kva kan du søke om støtte til?

Du kan søke støtte til å sende og ta imot studentar og tilsette på langtidsmobilitet, korttidsmobilitet og blanda mobilitet.

Blanda mobilitet er mobilitet som kombinerer fysisk mobilitet med ein virtuell læringskomponent.

Ved korttidsmobilitet er den virtuelle komponenten obligatorisk (det er unntak for doktorgradsstudentar, som kan ha korttidsopphald utan ein virtuell komponent). Du kan og søke om inkluderingsstøtte.

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no