Hopp til hovudinnhald

Akkreditering for mobilitet

Akkreditering for mobilitet i Erasmus+ rettar seg mot aktørar som regelmessig ønsker å sende elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring, fagskulestudentar eller tilsette på eit læringsopphald i utlandet. Ordninga gir tilgang til finansiering av mobilitetsaktivitetar over lengre tid.

Kven kan søke

Du kan søke om du:

  • Er ein offentleg eller privat godkjent barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, skule som tilbyr vaksenopplæring eller fagskule.
  • Er ein offentleg eller privat barnehage- eller skuleeigar.
  • Er ein offentleg organisasjon som jobbar opp mot barnehage og skule.
  • Er ein organisasjon som jobbar opp mot fag- og yrkesopplæringa eller vaksne si læring.
  • Har tilstrekkeleg med ressursar til å gjennomføre eit Erasmus+-prosjekt.

Spesielt for fagopplæring for vaksne: Prosjekt som skal støtte fagopplæring for vaksne, kan ikkje søke om støtte i sektoren vaksne si læring (ADU), men må søke til fag- og yrkesopplæringa (VET).

Ein søker anten som einskildinstitusjon eller som koordinator av eit konsortium.

Søknadsfrist

1. oktober 2024 kl. 10.00

Slik søker du

For å få tilgang til søknadsskjema, treng du ein EU login-brukarkonto. Denne kan du sjølv opprette på ein enkel måte .

Institusjonen eller organisasjonen som søkjer må ha ein eigen organisasjons-ID. Bruk menypunktet «Organisations» i Erasmusportalen til å finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer eller for registrering.

Finn søknadsskjema for KA120 – SCH (skule og barnehage), VET (fag og yrkesopplæringa) eller ADU (vaksne si læring) under menypunktet «Opportunities».

Krav til søknaden

Innhald i søknaden

  • Her må ein svare på spørsmål om dykkar institusjon eller organisasjon, dykkar målsetningar og korleis de skal bruke mobilitet for å nå desse måla.
  • De må òg skrive under på at den praktiske organiseringa vert ivaretatt på ein sikker og hensiktsmessig måte og at de vil bidra til å spreie informasjon om prosjektet båe internt og eksternt. Desse kriteria er spesifisert i Erasmus Quality Standards (PDF).
  • Søknaden kan skrivast på norsk.

Slik behandlar vi søknaden

Behandling og vurdering av søknad

  • Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar fyrst at søknaden oppfyller alle formelle kriteria.
  • Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert etter fastsette kriteria i samarbeid med uavhengige ekspertar. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+ .

Rapportering og oppfølging

Prosjekta må rapportere på fylgjande i løpet av akkrediteringsperioden:

  • Interimrapport: HK-dir vil be om minst ein interimrapport der prosjekta må beskrive framdrift og måloppnåing knytt til Erasmusplanen.
  • Rapportering på bruk av midlar

Fristar for interimrapportering og rapportering på bruk av midlar vil varslast i god tid.

  • Sluttrapport: Rapport som sendast til HK-dir når perioden utløpar eller dersom akkrediteringa avsluttast i løpet av perioden.

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no