Akkreditering for mobilitet
Akkreditering for mobilitet rettar seg mot aktørar som regelmessig ønsker å sende elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring, fagskulestudentar eller tilsette på eit læringsopphald i utlandet. Ordninga gir tilgang til finansiering av mobilitetsaktivitetar over lengre tid.
Sist oppdatert : 19. desember 2024Mål med akkreditering for mobilitet
Målet med akkreditering for mobilitet er å styrke den internasjonale dimensjonen og auke kvaliteten i utdanning og opplæring i barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, fagskular eller organisasjonar som tilbyr opplæring for vaksne. I søknaden skal søkar fokusere på behov og strategiske mål, slik at prosjektet vert integrert i det lokale utviklingsarbeidet ved institusjonen.
Ei innvilga akkreditering legg til rette for gjentakande deltaking i Erasmus+-programmet. Det gir òg moglegheit til å delta med eit langsiktig og strategisk perspektiv.
Læringsmobilitet for elevar, lærlingar og deltakarar i vaksne si læring skal mellom anna medverke til å fremme verdien av mangfald og inkludering samt toleranse og medborgarskap.
Læringsmobilitet for tilsette gjer lærarar, pedagogisk personale og andre tilsette moglegheit til å heve kompetansen sin, utveksle erfaringar med kollegar i andre land samt styrke sine ferdigheiter og kvalifikasjonar.
Kven kan søke?
Du kan søke om du:
- Er ein offentleg eller privat godkjent barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, skule som tilbyr vaksenopplæring eller fagskule.
- Er ein offentleg eller privat barnehage- eller skuleeigar.
- Er ein offentleg organisasjon som jobbar opp mot barnehage og skule.
- Er ein organisasjon som jobbar opp mot fag- og yrkesopplæringa eller vaksne si læring.
- Har tilstrekkeleg med ressursar til å gjennomføre eit Erasmus+-prosjekt.
Spesielt for fagopplæring for vaksne: Prosjekt som skal støtte fagopplæring for vaksne, kan ikkje søke om støtte i sektoren vaksne si læring (ADU), men må søke til fag- og yrkesopplæringa (VET).
Ein søker anten som einskildinstitusjon eller som koordinator av eit konsortium. Les om kva det inneber å koordinere og å vere medlem i eit konsortium lenger ned på sida.
Kva kan ein søke støtte til?
Ein kan søke støtte til ei lang rekke mobilitetsaktivitetar, inkludert jobbskugging og kurs for tilsette samt mobilitet for elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring og fagskulestudentar. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de skal reise på søknadstidspunktet. Du finn meir informasjon om moglegheitene for læringsopphald i dei ulike sektorane i boksane lengre ned på sida.
Dei deltakande institusjonane skal aktivt fremme inkludering og mangfald, berekraft og digital utdanning. Dette kan ein gjere gjennom å vekke bevisstheit om temaa blant deltakarane og ved å velje passande design for deira aktivitetar.
Prosjektmidlane skal bidra til å dekke reisekostnadar, kost og losji samt eventuelle kursavgifter. Institusjonane får òg ei administrativ støtte for kvar deltakar som reiser. For informasjon om kor mykje ein får per mobilitet, sjå satsane i programguiden for Erasmus+.
Kor mykje støtte kan du få?
Akkrediterte institusjonar får enkel tilgang til Erasmus+- finansiering gjennom årleg å melde inn sine behov for antal mobilitetar i den komande 15-månadersperioden. Prosjektperioden kan forlengast til 24 månader ved behov.
Alle akkrediterte organisasjonar vil få støtte, men storleiken på tildeling av midlar vil avhenge av etterspurnad, tilgjengeleg budsjett, oppnådd poengsum på søknadstidspunktet, tidlegare prestasjonar og programprioriteringar.
Akkreditering
Ein barnehage, skule, barnehage- eller skuleeigar eller annan organisasjon kan søke om akkreditering som konsortium.
Det inneber at ein koordinerer eit konsortium av ei gruppe barnehagar, skular og/eller organisasjonar. Alle tilsette som er tilknytt konsortiet kan delta i aktivitetane, og dette gjeld både hos koordinatoren og medlemmene i konsortiet.
Ein kan vere akkreditert innan fleire sektorar (barnehage og skule, vaksne si læring og fag- og yrkesopplæring), men ein må sende inn søknader til kvar sektor.
Om medlemmene i konsortiet:
- Det er ikkje eit krav om at medlemmene er identifiserte når ein søker om å bli akkreditert.
- Når medlemmer er identifiserte, må dei skrive under på målsetningane i Erasmusplanen til konsortiet.
- Medlemmene kan skiftast ut i løpet av programperioden.
- Første gongen ein søker om mobilitetar etter innvilga akkreditering må ein oppgi ei liste over medlemmer i konsortiet.
Alle medlemmer må ha ein eigen organisasjons-ID (OID).
Ein skule, barnehage eller institusjon for vaksne si læring kan bli med som medlem i eit akkreditert konsortium.
Det inneber at ein ikkje sjølv sender inn ein søknad, men at ein blir med som medlem i ein søknad eller koplar seg på eit eksisterande konsortium i løpet av programperioden.
Krav til medlemmar:
- Ein må skrive under på målsetningane i Erasmusplanen til koordinatoren.
- Ein må ha ein eigen organisasjons-ID (OID).
Korleis sende inn ein søknad
- For å få tilgang til søknadsskjema, treng du ein EU login-brukarkonto. Denne kan du sjølv opprette på ein enkel måte.
- Institusjonen eller organisasjonen som søkjer må ha ein eigen organisasjons-ID. Bruk menypunktet «Organisations» i Erasmusportalen til å finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer eller for registrering.
- Finn søknadsskjema for KA120 – SCH (skule og barnehage), VET (fag og yrkesopplæringa) eller ADU (vaksne si læring) under menypunktet «Opportunities».
Innhald i søknaden
- Her må ein svare på spørsmål om dykkar institusjon eller organisasjon, dykkar målsetningar og korleis de skal bruke mobilitet for å nå desse måla.
- De må òg skrive under på at den praktiske organiseringa vert ivaretatt på ein sikker og hensiktsmessig måte og at de vil bidra til å spreie informasjon om prosjektet båe internt og eksternt. Desse kriteria er spesifisert i Erasmus Quality Standards (PDF).
- Søknaden kan skrivast på norsk.
Behandling og vurdering av søknad
- Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar fyrst at søknaden oppfyller alle formelle kriteria.
- Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert etter fastsette kriteria i samarbeid med uavhengige ekspertar. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.
Sjå elles opptak av våre webinar med informasjon om akkreditering:
- Finn søknadsskjema for KA121 – SCH (skule og barnehage), VET (fag og yrkesopplæringa) eller ADU (vaksne si læring) under menypunktet «Opportunities» i Erasmusportalen.
- Institusjonar eller organisasjonar som har ei godkjent akkreditering vil få ytterlegare informasjon og rettleiing frå HK-dir om årlege søknader om mobilitet.
- Slik blir midlane fordelte mellom akkrediterte institusjonar (PDF).
Prosjekta må rapportere på fylgjande i løpet av akkrediteringsperioden:
- Interimrapport: HK-dir vil be om minst ein interimrapport der prosjekta må beskrive framdrift og måloppnåing knytt til Erasmusplanen.
- Rapportering på bruk av midlar
Fristar for interimrapportering og rapportering på bruk av midlar vil varslast i god tid.
- Sluttrapport: Rapport som sendast til HK-dir når perioden utløpar eller dersom akkrediteringa avsluttast i løpet av perioden.
Gyldige aktivitetar
For elevar:
Gruppeutveksling for elevar gjennomførast ved ein vertsskule i eit anna programland i Erasmus+.
- Programmet for opphaldet skal utviklast saman med denne skulen og må involvere aktivitetar der elevane ved dei to skulane samarbeider og lærer saman.
- Programmet kan innehalde programpunkt utanfor vertsskulen, som til dømes besøk til kulturelle og/eller historiske sjåverdigheiter, men dette skal vera integrert i programmet som er utvikla i samarbeid med vertsskulen og skal gjennomførast saman med elevar frå vertsskulen.
- Opplegg som fullt ut eller i stor grad er utarbeida av kommersielle aktørar, t.d. språkskular, er ikkje gyldig. Dette gjeld òg opplegg som i liten grad involverer samarbeid mellom elevar på tvers av dei to samarbeidande skulane.
Individuell mobilitet gjev enkeltelevar moglegheiter til å hospitere ved ein skule eller ein anna eigna institusjon i eit anna land for ein kortare eller lengre periode.
For tilsette:
- Deltaking på kurs
- Jobbskugging
- Undervisningsopphald
Andre moglegheiter:
- Invitere ekspertar til din institusjon
- Vere vertskap for en lærarstudent
- Gjennomføre forberedende besøk
Fullstendig informasjon om tiltaket og kva ein kan søke om støtte til finns her: Mobility for pupils and staff in school education
For elevar, lærlingar og fagskulestudentar:
- Deltaking i yrkeskonkurransar med ein internasjonal dimensjon
- Kortare individuelle mobilitetsopphald
- Lengre individuelle mobilitetsopphald
- Gruppemobilitet
Ver merksam på at gruppemobilitet berre er gyldig for yrkesfagelevar i vidaregåande skule.
For tilsette:
- Deltaking på kurs
- Jobbskugging
- Undervisningsopphald
Andre moglegheiter:
- Invitere ekspertar til din institusjon
- Vere vertskap for en lærarstudent
- Gjennomføre forberedende besøk
Moglegheit for mobilitetsaktivitetar med partnarland utanfor Europa:
- For elevar, lærlingar og fagskulestudentar er det berre individuelle aktivitetar som kan gjennomførast utanfor Erasmus-landa. Gruppemobilitet må gjennomførast i eit Erasmus-land.
- For tilsette gjeld jobbskugging og undervisning.
Fullstendig informasjon om tiltaket og kva ein kan søke om støtte til finns her: Mobility for learners and staff in vocational education and training
For deltakarar i vaksenopplæringa:
- Gruppeutveksling
- Individuell læringsmobilitet
Felles for begge aktivitetar er at dei mogleggjer deltaking i internasjonale kompetansehevande aktivitetar. Sjå programguiden for Erasmus+ for ytterlegare definisjonar av aktivitetane.
For tilsette:
- Deltaking på kurs
- Jobbskugging
- Undervisningsopphald
Andre moglegheiter:
- Invitere ekspertar til din institusjon
- Vere vertskap for en lærarstudent
- Gjennomføre forberedende besøk
Fullstendig informasjon om tiltaket og kva ein kan søke om støtte til finns her: Mobility for Learners and Staff in Adult Education
Se også:
Europakommisjonens dokumentasjonsmalar (Word-fil).