Hopp til hovudinnhald

Enkeltståande mobilitetsprosjekt

Enkeltståande mobilitetsprosjekt rettar seg mot aktørar som ønsker å sende elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring, fagskulestudentar eller tilsette på eit læringsopphald i utlandet. Tiltaket er tilpassa dei som søker om midlar frå Erasmus+ for første gong, men kan òg vere eit godt alternativ om ein berre ønsker å delta ei avgrensa mengd gonger.

Sist oppdatert : 19. november 2024

Målet med enkeltståande prosjekt

Målet med enkeltståande mobilitetsprosjekt er å styrke den internasjonale dimensjonen og auke kvaliteten i utdanning og opplæring i barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, fagskular eller organisasjonar som tilbyr opplæring for vaksne. I søknaden skal søkar fokusere på behov og strategiske mål, slik at prosjektet vert integrert i det lokale utviklingsarbeidet ved institusjonen.

Samstundes skal enkeltståande prosjekt vere ein enklare inngangsport til å drive mobilitetsprosjekt, og søknadsskjemaet er enklare enn for andre tiltak.

Læringsmobilitet for elevar, lærlingar og deltakarar i vaksne si læring skal mellom anna medverke til å fremme verdien av mangfald og inkludering samt toleranse og medborgarskap.

Læringsmobilitet for tilsette gir lærarar, pedagogisk personale og andre tilsette moglegheit til å heve kompetansen sin, utveksle erfaringar med kollegaer i andre land samt styrke sine ferdigheiter og kvalifikasjonar.

Kven kan søke?

Søkar må:

  • Vere ein offentleg eller privat godkjent barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, fagskule eller organisasjon som tilbyr vaksenopplæring.
  • Vere ein offentleg organisasjon som jobbar opp mot barnehage og skule.
  • Vere ein organisasjon som jobbar opp mot fag- og yrkesopplæringa eller vaksne si læring.
  • Ha tilstrekkeleg med ressursar til å gjennomføre eit Erasmus+-prosjekt.

Spesielt for fagopplæring for vaksne: Prosjekt som skal støtte fagopplæring for vaksne, kan ikkje søke om støtte i sektoren vaksne si læring (ADU), men må søke til fag- og yrkesopplæringa (VET).

Avgrensingar for kven som kan søke:

  • Ein og same institusjon kan maksimalt ha tre enkeltståande mobilitetsprosjekt i løpet av ein periode på fem år.
  • Ein og same institusjon kan berre søke om eitt enkeltståande prosjekt per utlysing.
  • Ein kan ikkje søke dersom institusjonen eller organisasjonen allereie har ei Erasmus+- akkreditering.

Kva kan ein søke støtte til?

Ein kan søke støtte til ei lang rekke mobilitetsaktivitetar, inkludert jobbskugging og kurs for tilsette, mobilitet for elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring og fagskulestudentar. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de skal reise på søknadstidspunktet. Du finn meir informasjon om moglegheitene for læringsopphald i dei ulike sektorane i boksane lengre ned på sida.

Dei deltakande institusjonane skal aktivt fremme inkludering og mangfald, berekraft og digital utdanning. Dette kan ein gjere gjennom å vekke bevisstheit om temaa blant deltakarane og ved å velje passande design for deira aktivitetar.

Prosjektmidlane skal bidra til å dekke reisekostnader, kost og losji samt eventuelle kursavgifter. Institusjonane får òg ei administrativ støtte for kvar deltakar som reiser. Sjå programguiden for Erasmus+ for spesifisering av satsar.

Når ein søker om enkeltståande prosjekt, kan ein maksimalt få innvilga 30 mobilitetar per prosjekt, og prosjekta har ei varigheit på mellom 6 og 18 månader.

Kor mykje støtte kan du få?

Når ein søker, oppgir ein antal deltakarar som i løpet av prosjektperioden skal gjennomføre eit mobilitetsopphald. For informasjon om kor mykje du kan får per mobilitet, sjå satsane i programguiden for Erasmus+.

Om søknaden og rapportering

Gyldige aktivitetar

Kontakt oss

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no