Hopp til hovudinnhald

Ukraina

Som følgje av Russlands angrepskrig i Ukraina, har Europakommisjonen opna opp for tilpassingar i pågåande prosjekt i KA131 og KA171.

Sist oppdatert : 31. oktober 2023

Tilpassingane er frivillige tiltak som skal gje nødhjelp eller bistand til personar som er fordrivne eller ramma av krigen i Ukraina.

Tilpassingane kan krevje ein tilleggskontrakt, og me ber derfor om at de tek kontakt med oss viss dette er aktuelt. E-postadressa vår er erasmus@hkdir.no .

Tilpassingar i KA131

De kan bruke mobilitetsmidlar på 2021-, 2022- og 2023-prosjektet til å finansiere innreisande studentar og tilsette frå Ukraina.

Kommisjonen vil kunngjere når unntaket ikkje lenger gjeld. Når det skjer, skal pågåande mobilitetar avsluttast som planlagt.

Finansiering av innreisande mobilitetsdeltakarar vil ikkje påverke budsjettdelen som de kan bruke på utreisande mobilitet til land som ikkje er med i Erasmus+,gjennom den såkalla internasjonale dimensjonen.

Tillatne aktivitetar

  • For studentar: studieopphald og praksisopphald, inkludert praksisopphald etter enda grad
  • For tilsette: undervisningsopphald og opplæringsopphald, og dessutan gjesteforelesarar frå arbeidslivet

Alle dei ulike aktivitetane må gå føre seg ved den norske mottakarinstitusjonen, men unntak av praksisopphald som blir planlagt i ei norsk bedrift, organisasjon o.l. Viss sendarinstitusjonen ikkje er operativ på grunn av krigen, vil de vere den einaste parten som organiserer mobiliteten. Blir praksisopphaldet planlagt utanfor mottakarorganisasjonen, t.d. i ei bedrift, så må desse òg blir involverte.

For KA131 er det statusen til søkjarane frå Ukraina som bestemmer om dei er kvalifiserte til å delta eller ikkje.

  • Studentar måvere innrullert ved ein høgare utdanningsinstitusjon i Ukraina (ved studentmobilitet)
  • Ved praksisopphald etter enda grad, må det ha gått mindre enn 12 månader sidan studentane var ferdig utdanna ved ein høgare utdanningsinstitusjon i Ukraina
  • Tilsette må vere tilsett ved ein høgare utdanningsinstitusjon i Ukraina (ved tilsettmobilitet)

Tilpassingar i KA171

Når det gjeld og KA171, så er reglane for deltaking dei same som før.

Tilpassingane gjeld for Call2022 og 2023).

Institusjonar som har pågåande prosjekt med Ukraina, kan overføra midlar frå eventuelle andre prosjektsamarbeid innanfor same region, dvs. Georgia, Aserbajdsjan, Moldova og Kviterussland - eller frå samarbeid med Russland. Ein kan også overføre midlar frå samarbeid med Russland til eventuelle andre prosjektsamarbeid i same region som Ukraina. Dette krev ei endring av kontrakt. Ta kontakt med HK-dir viss dette er aktuelt.

Alle studentar blir kategoriserte som deltakarar med færre moglegheiter.

Deltakarar frå andre ukrainske institusjonar enn dei som på noverande tidspunkt er inkludert i prosjektet, kan delta.

Det som er felles for KA131 og KA107/KA171

Deltakarar frå ukrainske institusjonar som er operative

Så lenge den ukrainske sendarinstitusjonen er operativ, må de

  • inkluder sendarinstitusjonen ved organiseringa av nye mobilitetar for studentar og tilsette
  • inngå ein interinstitusjonell avtale (IIA) med sendarinstitusjonen
  • inngå læringsavtalar og mobilitetsavtalar med sendarinstitusjonen

Ved å inngå IIA, læringsavtalar og mobilitetsavtalar, vil ukrainske institusjonar kunna følgje med på mobilitetane til studentane og dei tilsette, og følgje opp med anerkjenning av læringsutbytte/arbeidserfaring når mobilitetsdeltakarane kjem tilbake.

I tilfelle der det ikkje vart etablerte bilaterale avtalar før ein mobilitet fann stad, blir de oppmoda til å inngå ein IIA med den ukrainske sendarinstitusjonen så lenge desse er operative. I tillegg bør det inngåast læringsavtalar og mobilitetsavtalar.

Oppdatert liste over ukrainske institusjonars Erasmus+-koordinatorar finn de her: National Erasmus+ Office in Ukraine (erasmusplus.org.ua)

De har moglegheit til å ta direkte kontakt med det nasjonalkontoret i Ukraina viss de treng meir rettleiing. E-postadressa er office@erasmusplus.org.ua .

Deltakarar frå ukrainske institusjonar som ikkje er operative

I tilfelle der den ukrainske institusjonen ikkje lenger er operativ, fell kravet om IIA og nominasjon bort. Deltakarar som ønskjer å gjennomføra ein aktivitet, søkjar direkte til mottakarinstitusjonen. Læringsavtalar og mobilitetsavtalar treng berre signatur frå deltakar og mottakarinstitusjon, ev. organisasjonen eller bedrifta som skal ta imot praksisstudentar.

Mottakarinstitusjonen

  1. kan tillate påmelding på rullerande basis utan nominasjonsfrist
  2. bør setje opp klare kriterium og publisere desse for søknader og påmelding
  3. bør vurdera å forenkla dokumentasjonskrava for språkferdigheiter, då det kan vera at deltakarane ikkje har tilgang til språktestar og språkbevis

Når det gjeld kriterium for utveljing, må mottakarinstitusjonen vurdere om deltakarane er kvalifiserte ut frå dokumentasjon.

Døme på godkjend dokumentasjon:

For studentar: registreringsbevis, vitnemål, og erklæringar frå utdanningsinstitusjon eller ukrainske styresmakter

For tilsette: lønnsslipp, arbeidskontrakt, erklæring utskrive frå utdanningsinstitusjon eller ukrainske styresmakter

Mottakarinstitusjonen kan på frivillig basis overta oppgåvene til sendarinstitusjonen når det gjeld å tilby introduksjonskurs eller førebuande kurs og annan bistand og støtte som studentane har krav på i samsvar med Erasmus Student Charter (PDF) - viss det er slik at sendarinstitusjonen ikkje er i stand til å gi denne rettleiinga og støtta.

Mottakarinstitusjonen blir oppmoda til å samarbeida med studentforeiningar og mobilitetsnettverk om integreringa av innkommande studentar.

Stipendsatsar for KA131 og KA171

Mottakarinstitusjonen bruker midlane frå pågåande prosjekt til å finansiere innkommande studentar og tilsette frå Ukraina.

Stipendsatsane følgjer KA171-ratane:

  • Studentar får 900 euro per månad
  • Studentar skal registrerast som «studentar med færre moglegheiter» og vil då få tilleggsstipend på 250 euro per månad.
  • OBS! I unntakstilfelle kan de velje bort tilleggsstipendet på 250 euro, t.d. viss studenten får ytterlegare økonomisk støtte frå andre kjelder (ut over grunnbeløpet for individuell støtte frå Erasmus+). Studentane skal framleis registrerast som «studentar med færre moglegheiter» i MT+/BM.
  • Det er ikkje lov å gi «zero grant» til studentar som blir registrert som «studentar med færre moglegheiter»
  • OBS! Deltakarar som får stipend i KA131, kan få delar av mobilitetsopphaldet registrert som «zero grant». «Zero grant» blir då berre gitt i den perioden som strekk seg ut over den påkravde minimumsvarigheita på mobilitetsopphaldet.
  • Tilsette får 180 euro per dag

Deltakarane kan få inkluderingsstøtte («inclusion support») viss det er behov for spesiell tilrettelegging.

Deltakarane inngår ein tilpassa stipendavtale med mottakarinstitusjonen viss sendarinstitusjonen ikkje er operativ.

I tråd med gjeldande reglar, kan stipendet berre bli gitt for perioden som blir brukt på studium/praksis/undervisning/opplæring.