Hopp til hovudinnhald

Online Language Support (OLS)

Online Language Support (OLS) er utvikla for å hjelpe deltakarar i Erasmus+ med å forbetre kunnskapen om språket dei skal jobbe eller studera på i utlandet, slik at dei kan få mest mogleg ut av denne opplevinga.

Sist oppdatert : 31. oktober 2023

OLS tilbyr online språktest og online språkkurs til studentar på Erasmus+-mobilitetsopphald som varer i minst 14 dagar.

Det er ikkje lenger obligatorisk for mobilitetsdeltakarane å ta OLS-test. Denne endringa gjeld KA131-prosjekta for 2021, 2022 og 2023. Dette betyr at de ikkje lenger treng å kontrollere at mobilitetsdeltakarane har gjennomført språktesten. Det er framleis obligatorisk for dykk å promotere språklæring og den generelle bruken av OLS. Institusjonsavtalane de har treng ikkje endrast sjølv om det er endringar i reglane for OLS.

Frå 1. juli 2022 har «Online Linguistic Support» skifta namn til «Online Language Support» (OLS) og flytta over til den nye plattforma «EU Academy». Utrullinga av den nye OLS vil skje gradvis frå juli 2022 til mars 2023. OLS vil etter kvart tilby eit breitt spekter av språkopplæringstenester for alle dei 29 offisielle språka i EU-medlemsstatane og programlanda knytt til Erasmus+.

Hjelp og rettleiing

Tilgjengelege språk

OLS vil vere tilgjengeleg for alle EU-språk: bulgarsk, tsjekkisk, dansk, tysk, gresk, engelsk, estisk, spansk, finsk, fransk, irsk gælisk, kroatisk, ungarsk, italiensk, litauisk, latvisk, maltesisk, nederlandsk, polsk, portugisisk, rumensk, slovakisk, slovensk og svensk.

OLS vil etter kvart og vere tilgjengeleg på islandsk, makedonsk, norsk, serbisk og tyrkisk.

Studentar som skal studere språk som OLS ikkje gir tilbod om

I enkelte tilfelle der hovudspråket ikkje blir dekt av OLS, kan avsendar- eller mottakarinstitusjon tilby språkleg støtte på andre måtar. Ved retur kan deltakarane ta ei sluttvurdering, som let dei måle framgangen som er gjord under utanlandsopphaldet.

Avsendarinstitusjonen kan nytte administrasjonsmidlar (OS-midlar) til å dekkje utgifter til språkkurs for desse studentane.

Tildeling av OLS-kurs

I programperioden 2014 – 2020 fekk institusjonane tildelt test- og kurslisensar basert på søkjartal for den gitte prosjektperioden.

I inneverande programperiode blir det ikkje delt ut lisensar. I staden må institusjonane sende ut informasjon om innlogging til studentane, slik at dei får tilgang til OLS.

Med tiden vil det vere mogleg å gi studentane tilgang til OLS direkte frå Beneficiary Module.