Hopp til hovudinnhald

Endringsprosedyrar

Endringar av kontaktpersoner, kontaktinformasjon (e-postadresse), legal representative eller Erasmus Policy Statement (EPS).

Sist oppdatert : 31. oktober 2023

Slik går du fram

Ved endring av ECHE-kontaktperson ("Primary Coordinator Contact")

Kommisjonen skal kontaktast ved endring av den primære kontaktpersonen knytt til ECHE-søknaden.

Fullt namn og e-postadressa til den nye kontaktpersonen og ECHE-koden skal meldast på e-post EACEA-ECHE@ec.europa.eu  med kopi til erasmus@hkdir.no .

Den primære kontaktpersonen har tilgang til å leggje til og fjerne personar direkte i "Funding & Opportunities"-portalen (europa.eu). Følg stien: «my proposals», selection of the ECHE proposal, «actions», «manage consortium».

Ved endring av Erasmus+-kontaktperson (ikkje knytt til ECHE-søknaden)

  • Namn på ny Erasmus+-kontaktperson sendast til erasmus@hkdir.no .
  • De kan sjølv fjerne og leggje til kontaktpersonar i dei ulike Erasmus+-prosjekta de administrerer i Beneficiary Module.

Ved endring av e-postadresse

Ved endring av "legal representative"

  • Namn, tittel, fødselsdato og dato for tiltreding sendast til erasmus@hkdir.no .
  • Vi i HK-dir vil registrere ny "legal representative" i systema våre. Data herifrå vil bli overført til Beneficiary Module.

Ved endring av OLS-kontaktperson

De kan sjølv fjerne og leggje til kontaktpersonar i dei ulike Erasmus+-prosjekta de administrerer i Beneficiary Module.

Ved endring av "Erasmus Policy Statement" (EPS)

Oppdatert EPS med spor endringar skal sendast til erasmus@hkdir.no .

De må hugse å publisere den oppdaterte versjonen av EPS på nettsidene deira.