Beneficiary Module og EU-Login
Beneficiary Module (BM) er EU-kommisjonens system for prosjektadministrasjon for programperioden 2021 - 2027. For å tilgang til BM må du ha ein EU Login-konto.
Sist oppdatert : 7. oktober 2025Alle aktive KA131- og KA171-prosjekt skal administrerast i Beneficiary Module (BM). For få tilgang til BM må du ha ein EU Login-konto. På kommisjonen sine nettsider finn du meir informasjon om EU Login og korleis du opprettar ein brukarkonto: EU Login - European Commission Authentication Service .
OBS! Frå og med 1. oktober 2025 er tofaktorautentisering (MFA) påkravd for å få tilgang til BM. Det betyr at du ikkje lenger kan logge inn berre med e-post og passord. Du må nytte ein ekstra metode for verifisering. Den enklaste og mest tilrådde metoden er å bruka EU Login-appen på mobiltelefonen din. Trykk her for å få opp ei rettleiing for å setje opp tofaktorautentisering.
Viss de ikkje får til å setje opp tofaktorautentisering, kan løysinga vere å slette koplinga mellom mobiltelefonen og EU Login-kontoen. Trykk her for å få opp rettleiing for å fjerne denne koplinga:
E-læringsvideoar om BM
Kommisjonen har publisert e-læringsvideoar om dei grunnleggjande stega i BM:
Trinnvise instruksar finn de på nettsida til kommisjonen:
Data Dictionary
Kommisjonen har utarbeidd ein "data dictionary" som forklarer formatet, eigenskapane og tillatne verdiar i datafelta som blir fylte ut ved registrering av mobilitetsaktivitetar i BM. Dette er spesielt nyttig når de skal bruke import-eksport-funksjonen.