Hopp til hovudinnhald

Internasjonal dimensjon i KA131

I programperioden 2021 – 2027 er det i KA131 mogleg å sende studentar og tilsette til partnarland gjennom den såkalla "internasjonale dimensjonen".

Sist oppdatert : 31. oktober 2023

I programperioden 2021 – 2027 er det i KA131 mogleg å sende studentar og tilsette til partnarland gjennom den såkalla "internasjonale dimensjonen".

Den internasjonale dimensjonen i KA131 gjeld berre for utreisande studentar og tilsette, og opptil 20 prosent av prosjektets totale budsjett (siste tildelte budsjett) kan brukast til å finansiera desse aktivitetane.

Den internasjonale dimensjonen kjem i tillegg til KA171, og som vanleg er det mogleg å ha KA131- og KA171-prosjekt samtidig.

Den internasjonale dimensjonen i KA131 har mål om å vere berekraftig, dvs. langsiktig og stabil, og i mindre grad vere avhengig av konkurranseutsette midlar, slik som vi ser i KA171. Tiltaket og midlane skal vere enkle og fleksible i bruk, og vera ein måte for nykommarar, mindre institusjonar og institusjonar som ikkje har KA171-prosjekter, til å bli meir internasjonale og styrkje sin eigen internasjonaliseringsstrategi.

Den internasjonale dimensjonen i KA131 kan òg nyttast til å styrkje samarbeidet i eit pågåande KA171-prosjekt ved at utreisande studentar på bachelor- og masternivå kan gjevast støtte til utveksling dei elles ikkje kan få innanfor rammene av KA171.

Ved registrering av mobilitetar til partnarland i Beneficiary Module, må de kryssa av i boksen som heiter «International Mobility activity».