Hopp til hovudinnhald

Blanda intensivprogram (BIP)

Blanda intensivprogram (BIP) er korte intensivprogram som nyttar nye måtar å lære og undervise på.

Sist oppdatert : 4. april 2024

Desse blanda intensivprogramma gjer det mogleg for høgare utdanningsinstitusjonar å gå saman for å utvikle felles læreplanar og aktivitetar for blanda mobilitet retta mot studentar og tilsette.

Ein BIP kombinerer ei kortare fysisk mobilitet med ein obligatorisk virtuell komponent som kan finne stad før, under eller etter den fysiske mobiliteten. Den fysiske mobiliteten skal ha ei varigheit på 5 til 30 dagar. Det er ingen krav til kor lenge den virtuelle komponenten skal vara. Likevel skal BIP-en til saman gi studentane minimum 3 ECTS. Vêr merksam på at BIP berre er mogleg innanfor KA131, og ikkje KA171.

Alle tilsette kan delta i BIP. Ved tilsettmobilitet for opplæring (STT), må den fysiske mobiliteten vare mellom 5 og 30 dagar (bortsett frå reisetid), og kombinerast med ein obligatorisk virtuell komponent. For tilsettmobilitet for undervisning (STA), må den fysiske mobiliteten vare mellom 2 og 30 dagar (bortsett frå reisetid), eller minimum 1 dag for inviterte gjesteforelesarar frå bedrifter/organisasjonar, og den virtuelle komponenten er valfri.

Institusjonane får administrasjonsmidlar (BIP-OS-midlar) for å utvikle og gjennomføre BIP-en. Det er koordinerande institusjon som søkjar om og får tildelt BIP-OS-midlane. Det er opp til institusjonane som organiserer BIP-en å bestemme korleis BIP-OS-midlane blir fordelte.

Det er krav om deltaking frå minst tre høgare utdanningsinstitusjonar frå minst tre programland. Det er òg eit krav om minimum 10 deltakarar. For å blir tald med, må deltakarane dra ut fysisk (kryssa ei landegrense) og delta aktivt. Det betyr at deltakarar frå vertslandet (der BIP-en blir arrangert) ikkje blir talt med. Det betyr òg at tilsette som reiser ut, berre blir talt med viss dei deltek aktivt på lik linje med dei andre deltakarane.

MERK: Kravet om minst 10 tilreisande deltakarar gjeld frå og med 2024-prosjektet. Dersom de arrangerer BIP på 2022- eller 2023-prosjektet, må de forhalda dykk til kravet om minst 15 tilreisande deltakarar.

Deltakarane som deltek på BIP får stipend frå sendarinstitusjonen sin.

Partnarane kan formalisere BIP-samarbeidet med ein multilateral interinstitusjonell avtale (IIA), dersom dei ønskjer det. Når institusjonane fornyar IIA via "Erasmus Without Paper" (EWP), vil mobilitet til ein BIP bli inkludert.

Ressursar

Ofte stilte spørsmål