Småskalapartnarskap Erasmus+
Småskalapartnarskap (KA210) rettar seg mot søkarar som ønsker å ta steget mot eit europeisk samarbeid innan utdanning og kompetanseutvikling. Tiltaket passar difor særleg for nye og uerfarne søkarar til Erasmus+.
Kven kan søke
Småskalapartnarskap rettar seg særskilt mot grasrotorganisasjonar, nykommarar og uerfarne søkarar som ikkje har erfaring med Erasmus+ frå tidlegare. Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar kan søke, så framt effekten og målgruppene ligg i ein eller fleire av følgande sektorar:
- barnehage og skule
- fag- og yrkesopplæring
- vaksne si læring
De kan samarbeide med ein eller fleire partnarar i Europa. Partnarskapet må bestå av minst to organisasjonar/institusjonar frå Erasmus+-land (medlemslanda i EU samt Norge, Island, Liechtenstein, Serbia, Tyrkia eller Nord-Makedonia). Om de ønsker det, kan de òg involvere fleire lokale aktørar i partnarskapet.
Ver merksam på at det inntil vidare er avgrensingar på kva for ungarske institusjonar som kan delta som partnarar i prosjekt, ref. Council Implementing Decision (EU) 2022/2506 of 15 December 2022 on measures for the protection of the Union budget against breaches of the principles of the rule of law in Hungary. Sjå lista over institusjonar som er omfatta av rådsbeslutninga her (PDF).
Same organisasjon (éin OID) kan ikkje vera involvert i meir enn 5 søknader totalt per utlysing, og berre éin av dei som koordinator.
For småskalapartnarskap vil det i 2026 berre vera éi utlysing.

5. mars 2026 kl. 11.00 (CET)
Om tilskotet
Tilskotsbeløp
Ein søker om eit sekkebeløp på anten 30 000 EUR eller 60 000 EUR. Ein vel det beløpet som passer best basert på kva aktivitetar ein ønsker å gjennomføre.
Sjå også handbok for sekkebeløp. Vi legger ut handboka for 2026 når Kommisjonen har publisert ho.
Slik søker du
For å få tilgang til søknadsskjemaet, treng du ein EU Login-brukarkonto. Denne opprettar du sjølv på ein enkel måte (europa.eu).
I Erasmusportalen finn du søknadsskjemaet for småskalapartnarskap (KA210 – Small-scale partnerships) innanfor respektive sektorar under menypunktet «Opportunities». Søknaden er eit online-skjema og blir lagra automatisk når du jobbar i det. Du kan også gi tilgang til andre som kan redigere søknaden.
Organisasjons-ID (OID)
Alle skular og organisasjonar som søker om Erasmus+-midlar må skaffe seg ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir organisasjons-ID i søknaden, blir relevant informasjon om organisasjonen automatisk fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer frå før, eller registrere din institusjon i Erasmusportalen under menypunktet «Organisations».
Ver tidleg ute med søknaden!
Det er lurt å sende inn søknaden nokre dagar før fristen. Då har vi tid til å hjelpe deg om det skulle oppstå tekniske problem. Viss du får problem med å sende inn søknaden, ber vi om at du tar kontakt med oss på e-post: erasmuspluss@hkdir.no . Får du problem same dagen som søknadsfristen, må du kontakte oss umiddelbart.
Nyttig informasjon for deg som søker
- Informasjon om småskalapartnarskap.
- På sida Ressursar (under) finn du vidare informasjon som vil vere nyttig å sjå til i søknadsprosessen.
Slik behandlar vi søknaden
Behandling og vurdering av søknad
- Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
- Sjekk av originalt innhald: Alle prosjektsøknader må innehalda originalt innhald skrive av søkjaren sjølv, eller i samarbeid med partnarar. Sjå Programguiden del C, informasjon til søkarar.
- Sjekk av operasjonell kapasitet: HK-dir gjennomfører ein kontroll for å vurdere om det er sannsynleg at søkarorganisasjonen har den nødvendige kapasiteten som trengs for å gjennomføre prosjektet den søker på. Du kan lese meir om det her.
- Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert av uavhengige ekspertar etter fastsette kriterium. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.