Hopp til hovudinnhald

Erasmus Mundus

Målet med tiltaket er å styrkje kvaliteten i høgare utdanning gjennom internasjonalisering og globalt samarbeid. Høgare utdanningsinstitusjonar kan gå saman i eit konsortium og søkje om støtte til å opprette og drive eit felles masterprogram. Konsortiet kan også ta med andre relevante partnarar frå utdanningssektoren, arbeidslivet eller liknande.

Kven kan søke

Søkjar må vere ein institusjon som tilbyr høgare utdanning, og både søkjar og partnarar må vere registrerte i eit Erasmus+-land.

Døme på aktuelle søkjarar:

  • Universitet og høgskular som tilbyr masterutdanning
  • Universitet og høgskular som ønskjer å utvikle felles masterprogram i samarbeid med utenlandske institusjonar
  • Partnarar frå arbeidslivet eller forskingsmiljø som kan bidra til relevans og kvalitet i programmet
  • Organisasjonar med relevans for høgare utdanning

Krav til Erasmus Mundus Joint Masters (EMJM) og Erasmus Mundus Design Measures (EMDM):

  • Minst tre institusjonar frå tre ulike land (minst to frå Erasmus+-land)
  • Konsortiet skal tilby anten eit felles vitnemål eller separate vitnemål til studentar som fullfører programmet
  • Assosierte partnarar kan delta, men dei kan ikkje vere koordinatorar

Nærare detaljar om krava til samansetjing av konsortiet og krava til mastergraden finn du i Erasmus+ Programme guide.

Erasmus+-land inkluderer:

EU-landa, Noreg, Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Merk: Nokre ungarske institusjonar kan ikkje delta grunna EU-vedtak.

Sjå Erasmus+ Programme guide for vidare forklaringar rundt gyldige søkjarar og partnarar.

Søknadsfrist

12. februar 2026 kl. 16.00
(CET)

Om tilskotet

Erasmus Mundus felles masterprogram (EMJM)

Erasmus Mundus Joint Masters gir høgkvalitets, integrerte masterprogram som skal styrke kvaliteten i høgare utdanning og fremje global mobilitet. Programma blir utvikla i samarbeid mellom minst tre institusjonar frå ulike land og skal inkludere fysisk mobilitet mellom studiested.

Søknaden må lagast i fellesskap og innehalde ein integrert studieplan som oppfyller standardane for kvalitetssikring i Det europeiske området for høgare utdanning (EHEA). Les meir her: Standards for Quality Assurance of Joint Programmes in the EHEA – EQAR.

Programmet skal vere på 60, 90 eller 120 studiepoeng (ECTS) og vere felles utvikla. Det bør dokumenterast med eit felles vitnemål (Joint Degree) eller fleire vitnemål frå samarbeidsinstitusjonane. Institusjonane må bli einige om innhald, struktur, opptak og kvalitetssikring.

Varigheit og støtte:

Prosjekta kan vare i opptil seks år (72 månader) og skal dekke minst fire studentopptak. EU-finansiering omfattar støtte til drift og stipend til studentar. Satsar og tal blir fastsett i den årlege utlysinga. Det finst også ekstra midlar for studentar med spesielle behov. Reglane for opptak og geografisk balanse er meir fleksible enn før. Blant anna er det opna opp for enklare prosedyrar for opptak av ikkje-stipendierte studentar, og desse tel med i finansieringsmodellen (institusjon får ein fast sats per student, uavhengig av stipendstatus).

Erasmus Mundus Design Measures (EMDM)

EMDM gir støtte til å utvikle nye felles masterprogram. Målet er å få med fleire institusjonar, land og fagområde som er underrepresenterte. Ordninga er sjølvstendig og skal fremje innovasjon og nye samarbeid, men er ikkje eit krav før EMJM.

Varigheit og støtte:

Prosjekta varer normalt i 15 månader. Støtta er ein fast sum på 60 000 euro til institusjonen som sender inn søknaden på vegne av konsortiet.

Nyheiter i 2026

Programguiden for 2026 er oppdatert, og endringane gjeld både EMDM og EMJM. Dei viktigaste nyheitene er:

  • Global Gateway-perspektiv: Styrkt fokus på samarbeid med strategiske partnarland, særleg i Afrika, Asia og Latin-Amerika.
  • Regionale prioriteringar: Endringar i stipendlista for å fremje breiare global deltaking.
  • EMDM: Støtte til utvikling av nye, innovative masterprogram med tydelegare krav til felles mekanismar.
  • EMJM: Oppdaterte finansieringssatser, forenkla søknadsprosedyrar og auka vekt på grøn omstilling, digital kompetanse og inkludering.

Fornying av EMJM-program:

Konsortium som allereie driv eit Erasmus Mundus Joint Master-program kan søkje om fornying i 2026-utlysinga. Fornying inneber ein ny finansieringsperiode dersom programmet oppfyller gjeldande krav til kvalitet, partnarskap og prioriteringar (mellom anna grøn omstilling, digitalisering og inkludering). Det er ingen automatisk forlenging – konsortiet må sende inn ein full søknad i Funding & Tenders Portal og dokumentere korleis programmet framleis oppfyller kriteriane og tilpassar seg nye prioriteringar. Fornying gjeld berre EMJM (ikkje EMDM), og det er ingen særskild kvote – dei konkurrerer på lik linje med nye søknader.

Kva kan midlane brukast til?

  • Lønn og personalkostnader
  • Reise og opphald
  • Utstyr og underleveransar
  • Aktivitetar som opplæring, workshops, arrangement og formidling
  • For EMDM: kostnader til design, kvalitetssikring og akkreditering av programmet

Kor mykje støtte kan du få?

  • EMJM: Inntil 5 millionar euro per prosjekt
  • EMDM: Inntil 60 000 euro per prosjekt som blir utbetalt til koordinator (mono-beneficiary grant).

Slik søker du

Du søkjer direkte til Europakommisjonen.

Dette er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjekta etter oppstart.

Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søkjer ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and Culture Executive Agency (EACEA).

Søknadsskjema publiserast på EACEA sine eigne sider for tiltaket.

Søk Prosjektetableringsmidler

Fordi dette er eit sentralisert tiltak, så betyr det at ein konkurrerer med søkjarar frå heile Europa, og i nokre tilfelle heile verda.

Det er eit kunnskapspolitisk mål å auke norsk deltaking i Erasmus+ sentraliserte tiltak. HK-dir tilbyr derfor alle norske institusjonar, organisasjonar og bedrifter som planlegg å etablera eit sentralisert prosjekt om å søke om prosjektetableringsstøtte. Støtta skal bidra til at søkjarane når opp i europeiske konkurranse om prosjektmidlar.

Du kan søkje om:

  • Inntil 100 000 kroner som koordinator
  • Inntil 50 000 kroner som partner

Søknadsfristen er løypande.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om prosjektetableringsstøtte her:

Rettleiing frå HK-dir

HK-dir kan òg tilby rettleiing på søknaden din, med atterhald om kapasitet. Ta kontakt for å avtala tid.

Merk: Me tek ikkje imot, behandlar eller følgjer opp prosjekt, og kan derfor ikkje gi rettleiing om tekniske eller administrative spørsmål i prosjektgjennomføringa.

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no