Hopp til hovudinnhald

Webinar: Europeisk utdanningspolitikk og høgare utdanning – Kompetanseunionen

Kva er EU sin kompetanseunion, og korleis vil denne gjere seg gjeldande for høgre utdanningsinstitusjonar i Noreg?

Tidspunkt: 16. mars 2026 kl. 12.00- 16. mars 2026 kl. 13.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

For eitt år sidan lanserte EU Kompetanseunionen som ei sentral satsing for å styrkja kompetanse, utdanning og livslang læring i Europa. Målet er å gi befolkninga nødvendig kunnskap og ferdigheiter for å møta framtidas arbeidsliv og bidra til eit meir konkurransedyktig og inkluderande Europa. Kompetanseunionen vert heilt sentral i EU sin politikk på utdanningssida i åra framover, og Erasmus+ er eit viktig verkemiddel for gjennomføringa av ei rekke av tiltaka i denne strategien.

Webinaret vil vera relevant for alle som er interesserte i kva kompetanseunion er, kva han seier om høgare utdanning, og korleis dette gjer seg gjeldande gjennom EUs utdanningspolitikk og -program Erasmus+.

Webinaret er meisla etter parallellsesjonen på Erasmusseminaret 2025 «Kompetanseutvikling i Europa og Norge – Erasmus+ som verktøy».

Program

  • Kva er Kompetanseunionen? Overordna struktur og dei viktigaste tiltaka for høgare utdanning. Ragnhild Solvi Berg, HK-dir/Norcore
  • Norsk kompetansepolitikk og høgare utdanning. Anja Olsen Moberg, HK-dir
  • Korleis kan institusjonane nytte Erasmus+ til å jobbe med kompetanseutvikling, livslang læring og samarbeid med arbeidslivet? Eit eksempel frå HVL. Solveig Råheim Grønsdal, fagansvarlig Internasjonale Partnerskap HVL
Påmeldingsfrist

Utløpt
(CET)

Lene Krogh Baldersheim

Seniorrådgivar

E-post:lene.baldersheim@hkdir.no