Hopp til hovudinnhald

Transnational Nordic seminar on capacity building with a cross-sectorial focus

11.–13. november kan du bli med på seminaret «Transnational Nordic seminar on capacity building with a cross-sectorial focus” i København.

Tidspunkt: 11. november 2024 kl. 17.00- 13. november 2024 kl. 13.00
Stad: København, Danmark • Fysisk

Om arrangementet

Seminaret er for aktørar innanfor fag- og yrkesopplæring, høgare yrkesfageleg utdanning og høgare utdanning. Seminaret er på engelsk og samlar aktørar frå heile Norden som ønskjer å bidra til betre utdanning i utvalde regionar utanfor Europa.


Meld interesse for å delta på seminaret ved å fylle ut skjemaet du kjem til via påmeldingsknappen nedanfor. Fullstendig skildring av målet for arrangementet finn du her: Events | SALTO (salto-et.net). Les informasjonen nøye før du svarar på spørsmåla i interessemeldinga.

Vi vil velje ut inntil ti personar frå ulike institusjonar som får delta. Utvalde deltakarar må delta på hele seminaret.

Det er inga deltakaravgift. HK-dir dekkjer opphald og rimelegaste reisemåte.

Program for arrangementet

Seminaret er knytt til Europakommisjonen sine utlysingar for Kapasitetsbygging i høgare utdanning (CBHE) og Kapasitetsbygging i fag- og yrkesopplæringa (CB VET). Målet for desse utlysingane er å gjere utdanninga meir relevant for arbeidsliv og samfunn og bidra til fagleg nytenking, betre administrasjon og meir inkludering. Prosjekta kan finne stad i m.a. Afrika, Asia, Latin-Amerika, Aust-Europa og på Balkan. Det er ulike prioriteringar for dei ulike regionane, og prosjekta kan ha budsjett frå 100 000 til 1 000 000 euro (400 000 euro for fag- og yrkesopplæringa).

I dette seminaret vil vi informere om satsinga og kva som skal til for å skrive ein god søknad og få til eit nyttig og vellukka prosjekt.

Påmeldingsfrist

4. september 2024 kl. 21.59
(norsk tid)