Samling for europeiske universitetsalliansar
Samlinga legg til rette for dialog på tvers av alliansar og etatar, og skal bidra til betre samspel og vidareutvikling av alliansearbeidet i Noreg.
I forkant av Konferansen for høgare utdanning 2025 inviterer HK-dir dei norske universitetsalliansane og relevante etatar til EUI-samling i Bergen.
Gjennom innlegg, erfaringsdeling og dialog set vi søkelys på praktiske og strategiske utfordringar knytt til forankring i eigen institusjon, samspel med forvaltinga og vidareutvikling av alliansane i ein ny programperiode.
Arrangementet er reservert for aktuelle personar med aktive roller inn i universitetsalliansane og spesielt inviterte gjestar. For å sikre jamn representasjon frå alliansane er det ønskeleg at kvar allianse stiller med maks to deltakarar. Ved behov for fleire deltakarar ber vi om at de tek kontakt med oss på førehand.
Det er gratis å delta på samlinga, men deltakarar må sjølve betale for reise og overnatting. Merk at deltaking på Konferansen for høgare utdanning 2025 og middag krev eiga påmelding .
