Hopp til hovedinnhold

Nettseminar Europeiske Partnarskap for Skuleutvikling (KA240)

Velkomen på nettseminar der vi informerer om det nye Erasmus+-tiltaket for sektor skule og barnehage; Europeiske Partnarskap for Skuleutvikling (KA240).

Tidspunkt: 12. desember 2025 kl. 09.00- 12. desember 2025 kl. 10.00
Sted: • Digitalt

Om arrangementet

I samband med utlysinga for det nye Erasmus+-tiltaket Europeiske partnarskap for skuleutvikling (KA240), inviterer HK-dir til nettseminar.

Tiltaket skal støtte nytenking, utvikling og internasjonalt samarbeid mellom sentrale aktørar i utdanningssystemet i Europa. Målet er å styrke samarbeid og mobilitet i skulesektoren (SCH). Du kan lese meir om tiltaket her .

Nettseminaret finn stad 12. desember, kl. 10:00-11:00. Påmelding kjem snart.

Program

Mesteparten av nettseminaret vil vere ein presentasjon av naudsynt informasjon om det nye pilottiltaket, men det vil også verte moglegheit for å stille spørsmål.

NB: Det vert ikkje gjort opptak, men vi publiserer presentasjonen på arrangementssida i etterkant.

Kven kan delta?
Arrangementet er ope for alle som er interesserte i å høyre meir om det nye tiltaket. Det er likevel særleg relevant for aktørar som kan søke som koordinator eller partnar, nemleg lokale eller regionale skulemyndigheiter eller offentlege/private barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular.

Påmeldingsfrist

12. desember 2025 kl. 08.59
(CET)

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no