Hopp til hovudinnhald

Mot ein europeisk grad: Europakommisjonens forslag til reform i høgare utdanning

I mars publiserte Europakommisjonen tre ambisiøse forslag i ein «høgare utdanningspakke», der det overordna målet er å arbeide mot ein europeisk grad. Kva inneber forslaga, og korleis vil dette verke inn på norsk høgare utdanning? Me inviterer til webinarrekke i 2024 for å utforske desse spørsmåla. Dette webinaret er det tredje i rekkja, og vil handla om godkjennings- og kvalitetssikringssystema i Europa.

Tidspunkt: 5. september 2024 kl. 08.00- 5. september 2024 kl. 09.30
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Webinar nr 3 – Godkjennings- og kvalitetssikringsystema i Europa

Program

UH-pakken med fokus på godkjennings- og kvalitetssikringssystem i Europa – ordstyrar Andreas Snildal, HK-dir

Kva utfordringar og løysingar er omtalt i det nye forslaget frå Kommisjonen? – Julie Anderson, Europakommisjonen EAC (på engelsk)

Kva er relevansen av det nye forslaget for den norske UH-sektoren – kva nye komponentar kjem fram og kva konsekvensar kan dette ha? v/Luna Lee Solheim, NOKUT -

Perspektiv frå nordiske land – rapporten «Transnationell kvalitetssäkring. Svenska lärosätens erfarenheter av kvalitetssäkring av Europauniversitet och gemensamma program», v/Oskar Kindberg, prosjektleder, Universitetskanslersämbetet UKÄ

Perspektiv frå UH-sektoren – Korleis jobbar Nord universitet med kvalitetssikring i rammene av SEA-EU-alliansen? v/Monica Brobak, kontorsjef ved utdanningsavdelinga, Nord Universitet og SEA-EU universitetsallianse

Diskusjonar

Bakgrunn

Europakommisjonen har publisert tre ambisiøse forslag, der det overordna målet er å arbeide mot ein europeisk grad. Pakka, som vart publisert 27. mars, inneheld ein såkalla «blueprint» for ein europeisk grad, eit rammeverk med ei rekkje kriterium som skal liggje til grunn for denne nye kvalifikasjonen. Vidare foreslår Kommisjonen ei rekkje tiltak som skal hjelpe EU-landa på vegen mot ein europeisk grad.

Medan forslaget om ein europeisk grad er hovudtemaet i pakka, føreslår Kommisjonen også to såkalla rådsanbefalingar, som bidreg til å støtte opp om ein europeisk grad: Ein om kvalitetssikring og godkjenning i høgare utdanning, og ein om attraktive og berekraftige karrierar i høgare utdanning.

Kva er ein europeisk grad?

EU har støtta arbeidet med fellesgradar i mange år, hovudsakleg gjennom Erasmus Mundus, pilotprosjekt i alliansane og fleire andre tiltak . Dei siste åra har temaet vore aktualisert gjennom arbeidet med dei europeiske universitetsalliansane. Ei stor utfordring med fellesgradar, har vore, og er framleis, at dei ulike landa har ulike system for korleis dei kvalitetssikrar og godkjenner gradar, og at lovverka nasjonalt (og i nokre tilfelle på regions- og institusjonsnivå) ikkje harmonerer. Ein har forsøkt å løysa desse utfordringane gjennom Bolognaprosessen, men fleire land har ikkje gjort dei nødvendige endringane i eigne lovverk, og derfor blei bl.a. UH-pakka introdusert som eit nødvendig tiltak til å drive arbeidet framover. Med forslaget om ein europeisk grad forsøker EU å kome vidare i dette arbeidet – på den eine sida med å invitere til diskusjon om temaet, og på den andre sida med å føreslå alternative løysingar.

Meir informasjon om forslaget finst på Europakommisjonen sine heimesider:

Om webinaret

HK-dir inviterer til dialog kring innhaldet i forslaga og kva dette vil bety for norsk høgare utdanning. Dette vil me gjere i ei webinarrekke der me tar opp ulike delar av forslaget.

I webinaret 5. september vil me gå djupare inn i den andre delen av kommisjonens forslag, nemleg om godkjenning og kvalitetssikringssystem. Me får ein kort presentasjon av forslaget til kommisjonen, før NOKUT reflekterer over nokre konsekvensar av forslaget. Me får høyre kva erfaringar Sverige har med kvalitetssikring i universitetsalliansane, før Nord universitet gir oss eit innblikk i korleis dei arbeider med dette i sin allianse.

Dette er webinar nr. tre i denne serien om Europakommisjonens forslag til reform i høgare utdanning. Oversikt over tema i dei ulike webinara:

1. Introduksjon til reforma (16. april)

2. Ein europeisk grad (16. mai)

3. Om godkjenning og kvalitetssikringssystem (5. september)

4. Om akademiske karrierar (tentativt slutten av oktober 2024, dato TBC)

5. Statusoppsummering og oppdatering (tentativt desember 2024, dato TBC)

Fekk du ikkje med deg dei førre webinara? Fortvil ikkje, du kan sjå opptaka her:

Påmeldingsfrist

5. september 2024 kl. 07.00
(norsk tid)

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no