Hopp til hovudinnhald

European Student Card Initiative (ESCI) – status 2025 og planar vidare

Kva er status for arbeidet med ESCI? Vi får høyre korleis ulike aktørar og grupper arbeider med initiativet både i Noreg og Europa, og kva som er tenkt framover.

Tidspunkt: 19. november 2025 kl. 09.00- 19. november 2025 kl. 11.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Last ned presentasjonar frå arrangementet:

Vi har invitert sentrale aktørar i arbeidet til å gi ei oppdatering om kva diskusjonar som pågår og kva arbeid som blir gjort og kva som blir planlagd framover. Vi legg opp til ei uformell informasjons- og erfaringsdeling og det vil bli mogleg å stille spørsmål og gi innspel til arbeidet vidare.

Innleiarar:

Kommisjonen og nasjonalkontoret sitt arbeid, v/Lene Krogh Baldersheim, HK-dir

Kva er nytt og kva skjer framover? v/Elisabeth Fennefoss Balchen, UiA og Lise Bakke Brøndbo, OsloMet, medlemmer av European University Foundation EUF

Business Process Owner – Standing Expert Group (BPO), v/Kristin Torp Skogedal, UiB

Arbeidsgruppe Sikt – Mobility Online, Sikt (TBC)

Arbeidsgruppe for digital infrastruktur i universitetsalliansane, v/Freddy Berstad, NTNU og leiar for arbeidsgruppa

Informasjon frå ESCI Champion-arbeidet, v/Robin Verkerk, NTNU, som er Noregs ESCI Champion 2025-2027

Sektoren si uformelle Mobility Online-gruppe, v/Robin Verkerk, NTNU

EWP Dashboard 6.0 – kva er nytt? v/Elisabeth Fennefoss Balchen, UiA og Lise Bakke Brøndbo, OsloMet, medlem av European University Foundation EUF

Det vil bli moglegheiter til å stille spørsmål undervegs og etter presentasjonane.

Målgruppe: alle som jobbar med ESCI, digital infrastruktur og internasjonalt samarbeid ved institusjonane, eksempelvis tilsette som jobbar med IT, internasjonalt samarbeid, FS og dei europeiske universitetsalliansane.

Påmeldingsfrist

Utløpt
(CET)