Årets Erasmusinstitusjon 2024: – Ein viktig strategisk aktør for europeisk samarbeid
Publisert: 28. november 2024Universitetet i Oslo hedres for si systematiske tilnærming til Erasmus+, spesielt innanfor universitetsalliansen Circle U, og kåres til årets Erasmusinstitusjon 2024.
Konstituert studiedirektør Kristin Fossum Stene mottok prisen under Erasmusseminaret for høyere utdanning i Bodø.
– Me er veldig glade for denne anerkjenninga, seier Bjørn Stensaker, viserektor for utdanning ved UiO.
– Europeisk samarbeid på utdanningsfeltet handlar om både kvalitet og relevans, og me tenkjer Circle U er ein allianse som kan tilføra UiO meirverdi i utviklinga av vår eigen studieportefølje.
Prisen vart delt ut for 10. gong under Erasmusseminaret for høgare utdanning 2024 i Bodø. Prisvinnaren får 10 000 kroner, midlar som skal komma studentane til gode.
– Ein inspirasjon for andre
– I grunngjevinga for årets pris vil me særleg trekkja fram UiO si rolle i den europeiske universitetsalliansen Circle U og i nettverket the Guild. Gjennom denne innsatsen har universitetet styrka rolla si som ein viktig strategisk aktør for europeisk samarbeid i utvikling av høgare utdanning, og er dermed ein inspirasjon for andre, seiar avdelingsleiar Jon Gunnar Mølstre Simonsen i HK-dir.
Virtuelt campus og auka studentmobilitet
CircleU er ein forskingsintensiv europeisk universitetsallianse som skal tilby framifrå utdanning, forsking og innovasjon.
– UiO har mellom anna vore ei drivkraft i utviklinga av såkalla Knowledge Hubs i alliansen, med ein tverrfagleg inngang til store samfunnsutfordringar. Alliansen utviklar også eit innovativt, virtuelt campus med ein studieportefølje på tvers av land. På slike måtar blir alliansen brukt til å vidareutvikla UiO som utdanningsinstitusjon, der internasjonalisering og europeisk samarbeid gjennom Erasmus+ står sentralt, seiar Mølstre Simonsen.
Auka studentmobilitet er også ei viktig satsing i alliansen, og det er eit mål å forenkla mobiliteten for studentar og integrera dette i studieprogramma.
Auka aktivitet i eit breitt spekter av programmet
I si grunngjeving for prisen skriv HK-dir vidare:
«Universitetet i Oslo har høge ambisjonar og ei fin utvikling i bruken av Erasmus+, og det strategiske arbeidet på institusjonen ber frukter. Engasjementet for Erasmus+ blir understreka av auka aktivitet i eit breitt spekter av programmet, som studentmobilitet, samarbeidspartnarskap og sentraliserte prosjekt».
Me gratulerer!