Hopp til hovudinnhald

Erasmusseminaret for høgare utdanning 2023

Vi inviterer til Erasmusseminaret 2023 for universitets- og høgskulesektoren. I år er Universitetet i Bergen vertskap for denne sentrale møtearenaen som årleg samlar rundt 150-200 deltakarar som jobbar med Erasmus+-programmet i norsk høgare utdanning.

Tidspunkt: 28. november 2023 kl. 18.00- 30. november 2023 kl. 14.00
Stad: Universitetet i Bergen (Læringsarenaen i Nygårdsgaten 5) og Scandic Hotel Ørnen. • Fysisk

Last ned presentasjoner fra seminaret

Sjølve seminaret går føre seg 29. og 30. november, medan kvelden 28. november er sett av til mottaking ved UiB.

Du kan laste ned ein forenkla versjon av programmet (pdf), men du finn òg programmet i eiga fane ovanfor.

Vi håper å bidra med fagleg inspirasjon, høve til erfaringsutveksling og glede over å treffe kollegaer som du ikkje har sett på lenge!

Målgruppa for seminaret er mangfaldig: administrativt og fagleg tilsette, studentrepresentantar, nasjonale myndigheiter, representantar frå arbeidslivet og andre aktørar som har interesse for ulike tiltak innanfor Erasmus+.

Vi håper at Erasmusseminaret 2023 vil bli en viktig fagleg arena. Vi byr på diskusjonar om nasjonale prioriteringar, resultatformidling frå ulike Erasmus+-prosjekt, spanande initiativ frå sektoren og høve til erfaringsutveksling med andre deltakarar.

Arrangementet vil opne for kunnskaps- og kompetanseutvikling gjennom ulike plenums- og parallellsesjonar, samt nettverksbyggingsarenaer.

Deltakaravgift

Deltakaravgifta er 1500 kr uavhengig av om du deltek ein eller begge dagar, og inkluderer deltaking på konferansen, samt lunsj begge dagar og middag 29. november. UiB inviterer til mottaking 28. november som er kostnadsfri for deltakarane.

Deltakaravgift vil ikkje bli refundert ved avmelding etter 1. november.

Kvar enkelt deltakar må bestille eiga reise og overnatting.

Overnatting

Det er reservert rom på Scandic Hotel Ørnen 28.–30. november. Pris per rom ved bruk av booking-kode for arrangementet er 1670 kr per natt. Betaling skjer i forbindelse med opphaldet, men du må garantere for bestillinga med kredittkort.

Fristen for å booke overnatting på Scandic Ørnen med booking-kode for arrangementet er no gått ut. Dersom du vil overnatta på hotellet på ordinære vilkår, bestiller du via denne nettsida: www.scandichotels.com.

Vi anbefaler å booke hotell så snart som mogleg. Har du spørsmål om hotell, ta kontakt med hotellet på telefon: +47 55 37 50 00.

European Year of Skills 2023

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse er utnevnt av Kunnskapsdepartementet til å være nasjonalt koordineringspunkt for det europeiske kompetanseåret 2023. Les mer om European Year of Skills på kommisjonens nettsider (engelsk)

Prikkete, gul, femkantet stjerne på hvit bakgrunn. Delvis over stjernen står det European year of skills med hvit skrift på blå-grønn bakgrunn.
Påmeldingsfrist

Utløpt

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no