Søkerwebinar: Erasmus+ Individuell mobilitet i høgare utdanning (KA131)

Nye moglegheiter, endringar sidan sist, årets budsjett og ein gjennomgang av søknadsskjemaet.

I dette webinaret vil vi presentere moglegheitene i Erasmus+ Individuell mobilitet i høgare utdanning KA131. Du får vite meir om årets budsjett, kva endringar som har kome sidan sist, og vi vil sjå på søknadsskjemaet.

I den nye programperioden (2021-2027) vil grunnpilarane i Erasmus+ bestå, samstundes som det har kome fleire nye moglegheiter. Mellom anna moglegheita til å arrangere blanda intensivprogram, støtte til grøne reiser og ein internasjonal dimensjon i KA131.

Vi vil i dette webinaret gå nærare inn på kva moglegheiter Erasmus+ gir og vise dykk korleis søknadsskjemaet fungerer. Det opnast og opp for spørsmål.

Målgruppa for webinaret er institusjonane sin kontaktperson på Erasmus+ eller andre med særskilt administrativt ansvar for mobilitet for tilsette og studentar. Vi vil gjere merksam på at programmet og er tilpassa nye institusjonar og tilsette innan Erasmus+ og at noko av informasjonen vil være grunnleggande.

Delar av webinaret vil bli tatt opp og publisert på HK-dir sine nettsider.

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Frå: 20. jan. 2022 10:00
Til: 20. jan. 2022 11:30
Spørsmål?
Send en e-post til:
aurora.hartveit@hkdir.no