Seminar om Erasmus+ i grunnopplæringen 2023

Vi har gleda av å invitere alle nye og pågåande Erasmus+-prosjekt til erfaringsseminar i Bergen 27.-28. september.

Last ned programmet her

FULLT - seminaret er fullt og det er ikke lenger mulig å melde seg på. 

Årets erfaringsseminar blir halde fysisk, og går over to dagar: 27. - 28. september 2023.  

Erfaringsseminaret vil vere eit tematisk seminar som i hovudsak handlar om prioriteringane i Erasmus+, særleg retta mot berekraft og digitalisering. I løpet av desse to dagane vil det òg leggjast til rette for erfaringsutvekslingar mellom prosjekta.  

Praktisk informasjon knytt til prosjektstyring, kontraktar og økonomi vil gjennomgåast i eigne webinar/modular i forkant av erfaringsseminaret. Webinara og anna relevant informasjon vil vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av deltaking på det fysiske erfaringsseminaret. 

Deltaking på seminaret er frivillig, HK-dir dekkjer deltaking og overnatting for éin person per prosjekt. Reisekostnadane må deltakarar dekkje sjølv.

Kven er seminaret for?  

Seminaret er relevant for både mobilitets- og partnarskapsprosjekt (KA1 og KA2) retta mot barnehage, skule, fag- og yrkesopplæringa og dessutan vaksne si læring.

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
12. sep. 2023 12:00
Tid:
Fra: 27. sep. 2023 10:00
Til: 28. sep. 2023 13:00
Spørsmål?
Send en e-post til
erasmuspluss@hkdir.no
Praktisk informasjon:

Meir informasjon om parallellsesjonar og program vil bli publisert på denne sida over sommaren, i tillegg vil vi sende ut informasjon til alle nye og pågåande KA1- og KA2-prosjekt.

Seminaret finn sted på Scandic Ørnen i Bergen.