Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har gleda av å invitere alle nye og pågåande Erasmusplussprosjekt til erfaringsseminar i Bergen 26.-27. september. Seminaret omhandlar prioriteringane i Erasmus+, særleg retta mot inkludering og berekraft.
Arrangementet vil vere eit tematisk seminar som i hovedsak omhandlar prioriteringane i Erasmus+, særleg retta mot inkludering og berekraft. I løpet av desse to dagane vil det også leggast til rette for erfaringsutveksling mellom prosjekta. Seminaret er for pågående mobilitets- og partnerskapsprosjekt i Erasmus+ (KA1 og KA2) innanfor barnehage, skole, fag- og yrkesopplæring samt vaksne si læring.
Praktisk informasjon og veileding knytta til prosjektstyring, kontrakter og økonomi vil ikkje bli gått gjennom i dette seminaret, men blir gjort tilgjengelig i webinar eller videoar på nettsidene våre. Separat informasjon om dette vil bli sendt ut til alle prosjekt.
Deltaking på seminaret er frivillig, HK-dir dekker deltaking og overnatting for maksimalt 2 personar per organisasjon (frå Måndag 26. sept. til Tysdag 27 sept.). Reisekostnader må deltakarane dekke sjølv.
Seminaret er relevant for både mobilitets- og partnerskapsprosjekt (KA1 og KA2) retta mot barnehage, skule, fag- og yrkesopplæringen og vaksne si læring.
Korleis kome seg til Thon Hotell Bergen Airport?
Ta bybanen til Birkelandsskiftet. Gå over brua med den store kvite buen over bybanelinja. Ta ein u-sving ned mot hovudveien (580). Gå rett fram, ikkje under brua. Du kjem då til ei rundkjøring og hotellet vil være på din høgre side.
Måndag 26. september | |
10:00 | Registrering, bordfordeling og mingling |
11:00 | HK-dir ynskjer velkomen ved Kristin Amundsen, Avdelingsleiar for internasjonalt samarbeid i grunnopplæringa |
11:15 | Mads Gravås, Spesialutsending for utdanning til EU, Kunnskapsdepartementet |
11:40 | Bjørn Lyngdal, Avdelingsdirektør, Avdeling for opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune |
12:00 | Lunsj |
13:00 | Erfaringsdeling |
13:30 | Berekraftig! ved Tone O. Mosebø, Naturbruksskolenes forening |
14:00 | Grøn Erasmus+ |
14:45 | Pause |
15:15 | Ny sjanse! ved Siv Gjerde, Bergen Kommune |
15:45 | Inkludering i Erasmus+ |
16:30 | Ferdig med dag 1 |
19:00 | Middag |
Tysdag 27. september | Rom | |
08:00 | Frukost & utsjekk |
|
09:00 | Etwinning Eit kjapt dykk i eTwinning som vil vise korleis verktøyet kan brukast og kva som er mulig å få til innan digitalt, internasjonalt samarbeid i barnehagar, grunnskular og videregående skular. Det er ein stor fordel for deg som ynskjer å delta at du er registrert i eTwinning på førehand. Dette gjer du enkelt på | ESEP (europa.eu). | Plenumssal |
Europass og Euroguidance Korleis kan vi legge til rette for gode læringsopplevingar før, under og etter eit mobilitetsopphald? Med Euorugidance og Europass har ein verktøy som støtter opp om heile mobilitetsyklusen. Euroguidance er eit europeisk nettverk som jobbar for å styrke karriererettleierane sin kompetanse om verdien av internasjonalisering mellom anna ved å tilby eit gratis nettkurs i mobilitetsrettleiing på utdanningiverden.no/nettkurs. Europass er EU-kommisjonen sitt eige verktøy for dokumentasjon av ferdigheiter og kompetanse. Europass mobilietsdokument kan brukast til å dokumentere ferdigheiter og erfaringar ved et læringsopphold i utlandet. | Rom kjem | |
EPALE Norge tek deg med inn i den norske redaksjonen bak den europeiske nettverking- og formidlingsplattforma EPALE. Bli kjend med ulike funksjonar, og finn ut korleis ditt prosjekt kan dra nytte av å delta. EPALE er open for alle som jobber med opplæring og utdanning for vaksne i Europa. Registrer deg gjerne på EPALE på førehand på ecas.ec.europa.eu | Rom kjem | |
10:00 | Pause |
|
10:15 | Gruppearbeid om berekraft og inkludering | Plenumsal |
12:45 | Avslutning | Plenumsal |
13:00 | Lunsj & vel heim |
|
Ynskjer du å delta på seminaret, sett av tid i kalendaren (vi startar 10:00 og avsluttar 14:00 dagen etter). Meir informasjon om påmelding og program vil bli publisert på denne sida over sommaren, i tillegg vil vi sende ut informasjon til alle pågåande KA1 og KA2-prosjekt.