Informasjonswebinar om Erasmus+ Teacher Academies

Europakommisjonen inviterer til eit ope informasjonswebinar om dei nye europeiske lærarakademia. Bli med for å lære om målsettingar og forventningar tilknytt tiltaket, og for å informasjon om søknadsprosess og få høve til å stilla spørsmål.

Den 10. Juni, 2021, mellom 14:00 og 17:00 inviterer Europakommisjonen sitt Forvaltningsbyrå for utdanning, audiovisuelle mediar og kultur (EACEA) til eit informasjonswebinar om Erasmus+ Teacher Academies (dei europeiske Lærarakademia) – eit nytt partnarskaps- og excellencetiltak under den nye programguiden for Erasmus+.

Arrangementet er ope for alle, og ein treng ikkje melde seg på på førehand. Målet med webinaret er å tilby meir detaljert informasjon om utlysinga, samt å tilby interessentar høve til å stille spørsmål. Det er sett av ein klokketime av webinaret til å svare på slike spørsmål. Spørsmål kan førehandsinnsendast til EACEA-EPLUS-TEACHER-ACADEMIES@ec.europa.eu

Når tida er inne kjem får ein tilgang til informasjonswebinaret.

Ettersom Lærarakademia er eit sentralisert tiltak under kommisjonen er ikkje Diku medarrangør for arrangementet, men heller ein vidareformidlar av informasjon og pådrivar for norsk deltaking. Det vert likevel på det høgste oppfordra til at ein tek kontakt med oss dersom du skulle har spørsmål. Me er særs hjelpsamt innstilte for å støtte potensielt interesserte, og har laga ei eiga side for tiltaket på Diku sine sider. Denne blir oppdatert fortløpande. 

For meir detaljert tidsplan for hendinga, sjå til kommisjonens eiga side for arrangementet.

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Ingen påmeldingsfrist
Tid:
Fra: 10. jun. 2021 14:00
Til: 10. jun. 2021 17:00
Spørsmål?
Send en e-post til
eigil.lonning@diku.no