Erasmusseminaret for høgare utdanning 2023

Vi inviterer til Erasmusseminaret 2023 for universitets- og høgskulesektoren. I år er Universitetet i Bergen vertskap for denne sentrale møtearenaen som årleg samlar rundt 150-200 deltakarar som jobbar med Erasmus+-programmet i norsk høgare utdanning.

Sjølve seminaret går føre seg 29. og 30. november, medan kvelden 28. november er sett av til mottaking ved UiB. Nedanfor kjem eit førebels program som vi håper vil gi deg fagleg inspirasjon, høve til erfaringsutveksling og glede over å treffe kollegaer som du ikkje har sett på lenge!

Målgruppa for seminaret er mangfaldig: administrativt og fagleg tilsette, studentrepresentantar, nasjonale myndigheiter, representantar frå arbeidslivet og andre aktørar som har interesse for ulike tiltak innanfor Erasmus+.

Vi håper at Erasmusseminaret 2023 vil bli en viktig fagleg arena. Vi byr på diskusjonar om nasjonale prioriteringar, resultatformidling frå ulike Erasmus+-prosjekt, spanande initiativ frå sektoren og høve til erfaringsutveksling med andre deltakarar.

Arrangementet vil opne for kunnskaps- og kompetanseutvikling gjennom ulike plenums- og parallellsesjonar, samt nettverksbyggingsarenaer.

Deltakaravgift

Deltakaravgifta er 1500 kr uavhengig av om du deltek ein eller begge dagar, og inkluderer deltaking på konferansen, samt lunsj begge dagar og middag 29. november. UiB inviterer til mottaking 28. november som er kostnadsfri for deltakarane.

Deltakaravgift vil ikkje bli refundert ved avmelding etter 1. november.

Kvar enkelt deltakar må bestille eiga reise og overnatting.

Overnatting

Det er reservert rom på Scandic Hotel Ørnen 28.–30. november. Pris per rom er 1670 kr per natt. Betaling skjer i forbindelse med opphaldet, men du må garantere for bestillinga med kredittkort.

Fristen for å booke overnatting på Scandic Ørnen er forlenga til 15. oktober; booking-koden er BDIR281123 og du bestiller via denne nettsida: www.scandichotels.com.

Vi anbefaler å booke hotell så snart som mogleg. Har du spørsmål om hotell, ta kontakt med hotellet på telefon: +47 55 37 50 00.

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 28. nov. 2023
Til: 30. nov. 2023
Spørsmål?
Send en e-post til
erasmus@hkdir.no