Erasmusseminaret 2021

HK-dir inviterer til Erasmusseminaret 2021 for universitets- og høgskulesektoren. Seminaret blir gjennomført digitalt. Vi jobbar med å setje saman eit spennande program som skal gi deg inspirasjon og påfyll av kunnskap – og mogelegheiter til å byggje nettverk.

I år gjennomfører vi seminaret digitalt over tre dagar:

  • måndag 6. desember kl 12.00–15.00
  • onsdag 8. desember kl 12.00–15.00
  • fredag 10. desember kl 09.00–12.00

Måndag og onsdag blir det inspirerande og informative sesjonar blant anna om nye mogelegheiter i Erasmus+. På fredagen legg vi opp til aktiv deltaking og interaktivitet; du vil kunne velje mellom ulike tematiske parallelsesjonar, delta i diskusjonar og samtalar med kollegaer ved andre høgare utdanningsinstitusjonar og møte rettleiarar frå HK-dir. 

Vi jobbar med å utvikle programmet og vil oppdatere denne nettsida fortløpande med program og påmeldingsskjema.

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Informasjon kjem
Tid:
Frå: 6. des. 2021 12:00
Til: 10. des. 2021 12:00
Spørsmål?
Send en e-post til:
erasmus@hkdir.no