– Vi er veldig stolte over å få prisen og ser det som ei anerkjenning av eit langsiktig og målretta arbeid for å auke deltakinga i Erasmus-programmet både når det gjeld mobilitet og samarbeid, seier prorektor Gro Anita Fonnes Flaten.
Prisen blei offentleggjort under fyrste dag av Erasmusseminaret, som i år vert arrangert digitalt over tre dagar.
I si grunngjeving skriv juryen mellom anna:
«Høgskulen på Vestlandet har hatt ei positiv utvikling i deltakinga i Erasmus+ dei siste åra, og arbeider godt og strategisk forankra med programmet. Forankringa er mellom anna synleg i institusjonen sin handlingsplan for internasjonalisering 2021 –2023, som har tydelege og høge ambisjonar for både prosjektsamarbeid og mobilitet gjennom Erasmus+.»
Fonnes Flaten stadfestar at Europa er eit viktig satsingsområde for høgskulen.
– Vår handlingsplan for internasjonalisering slår fast at høgskulen skal ta ein internasjonal posisjon og vi skal medverke til mangfald og utdanne verdsborgarar. Europa er eit viktig satsingsområde, både gjennom forskings- og utdanningssamarbeid og når det gjeld student- og tilsettmobilitet. I same handlingsplan har vi nedfelt at vi skal prioritere å utvikle partnarskap med utvalde samarbeidspartnarar i Europa, og ta aktivt del i dei nye utdannings-, forskings- og innovasjonsprogramma, Horisont Europa og Erasmus +.
Prisvinnaren får 10 000 kroner og ein diplom frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Tilskotet skal nyttast på ein måte som kjem studentane til gode.
– Vi har ikkje bestemt oss for kva prispengane skal brukast til, men vi gler oss til å peike ut eit godt førermål, seiar Fonnes Flaten.
Formålet med prisen årets Erasmus-institusjon er å verdsetje ein norsk høgare utdanningsinstitusjon for framifrå deltaking i Erasmus+-programmet. Det vert lagt vekt på at institusjonen har hatt ei positiv utvikling ut frå storleik og føresetnader.
Prisen for årets Erasmus-institusjon vert i år tildelt for åttande gong.